Aktivitetar

Våre aktivitetar

Guida tur

Tur til Kjeldestøl kr 750,- per person. Inkluderer guide, primuskaffi, kvikk lunsj og skyss til startpunkt og retur til hotellet.

Heile turen tar omlag 3timar med pause. Turen startar frå parkeringsplassen øvst på Bjørke og går ca. 2,5km innover, dei to første kilometrane er på grusveg og siste 700m er skog.

Kjeldestøl består av ei samling av små stølshus/sel, det var drift på selet heilt fram til sommaren 1951. Selet vert restaurert og bygd opp at av venelaget og er no komplett med sine sju sel, Siriselet, Bjørkeselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristianselet, Peraselet og Torkjellselet. Utanom dette er det satt opp ei sjykkje, ei hadletekkje og ein utedo. I tillegg er det satt opp eit flott langbord kor ein kan nyta lunsjen sin.

guidatur-seter

Badstove

På hotellet har vi ei badstove med fantastisk utsikt over fjorden og Snilstveitøy.
Badstova ligg heilt nede ved stranda, så du kan ta eit forfriskande bad i den kalde fjorden og gå rett inn att for å varme deg.

Pris er kr 200,- per person for 1time (minimum 400,-)

For reservasjon ta kontakt med oss på booking@rosendal-fjordhotel.no eller telefon 53 48 80 00.

badstove-utside

Tennisbane

På hotellområdet har vi ein tennisbane som kan disponerast på fine dagar.
Ta med deg gjengen og spel tennis, kva med å kombinere tenniskamp og badstove?
Kontakt resepsjonen på booking@rosendal-fjordhotel.no eller
telefon 53 48 80 00 for eit tilbod.

IMG_0052