Våre rom
Sidefløysrom
Romma har inngong frå utsida på bakkeplan, og er lett tilgjengeleg med parkering rett utanfor. Romma er intime med privat inngong og er kjæledyrvennlege. Romma tilbyr praktisk komfort med samansette senger og moderne bad. Det er parkett i 10 av 12 rom.
Standardrom fjellutsikt
I desse romma venter flott utsikt mot Rosendals fjella. Romma har komfortable, samansette senger, moderne bad og val mellom parkett eller vegg-til-vegg- teppe.
Standardrom fjordutsikt
I desse romma kan du forvente flott utsikt utover fjorden. Romma kjem med komfortable samansette senger, val mellom parkett eller vegg-til-vegg-teppe, moderne bad og balkong med utemøblar.
Juniorsuiter
Vi har fire flotte juniorsuiter, alle med fantastisk fjordutsikt. Romma er komfortable og inneheld ei sitjegruppe, heil dobbeltseng, i tillegg til ekstra fasilitetar som vasskokar og mini-kjøleskap. Alle romma har balkong med utemøblar, kor ein kan nyta vakker utsikt over fjorden.
Brudesuite
Vi har to romslege og flotte brudesuiter med enten utsikt mot dei flotte Rosendals fjella eller mot Hardangerfjorden. Romma inneheld ei komfortabel dobbeltseng, sittegruppe og ekstra fasilitetar som vasskokar og mini-kjøleskap. Begge romma har ein stor balkong med utemøblar, kor ein kan nyta den flotte utsikten.



























