20251013-JAH_9480

Ledige stillingar

Er du vår nye kokk?

Ønskjer du å vera med på å gi våre gjester
ei smakfull oppleving av Hardanger?
Vår kjøkensjef, Jon Aga, søkjer no kokk til sitt team.

Vårt kjøken er opptatt av å levere rettar av høg kvalitet og lokale råvarer, og ser etter deg som ønskjer å lage mat med stoltheit.

Kva vi ser etter

Fagbrev er ønskjeleg men ikkje eit krav. Vi oppfordrar deg med relevant arbeidserfaring til å søkja. Personlege eigenskapar
og erfaring vert vektlagt. Du har lidenskap og forståing for lokale råvarer og kvalitet.

– Du beherskar nordisk språk, både munnleg og skriftleg
– Du trivst i eit variert arbeidsmiljø, med travle dagar med
høgt tempo, men òg rolegare periodar
– Du har ein positiv energi som smittar over på andre
– Du er kreativ, engasjert og bidrar med gode tiltak for redusert matsvinn

Arbeidsoppgåver

– Tilberede og presentere varme og kalde rettar i tråd med
hotellet sitt konsept
– Sikre høg kvalitet på matlaging og råvarehandtering
– Overhalde rutinar for reinhald, hygiene og mattryggleik
– Bidra til gode gjesteopplevingar
– Stillinga inneber arbeid dag, kveld og helg

Vi tilbyr

– Gode lønns- og pensjonsordningar
– Personalbustad ved behov
– Nettverk med gode kollegaer
– Godt arbeidsmiljø
– Lunsj og/eller middag inkludert kvar arbeidsdag
– Rabatterte prisar på overnatting og i restaurant

20251013-JAH_8772

Send inn CV og søknad til jon@rosendal-fjordhotel.no eller kontakt (+47) 53 48 80 00 ved eventuelle spørsmål.