Restaurant

Baronen

Velkomen til vår restaurant Baronen.

Vår kjøkensjef, Jon Aga, byr på ein smakfull meny i nydelege omgivnadar i Rosendal ved innløpet av Hardangerfjorden. Jon har lidenskap for ekte, heimelaga mat, med stort fokus på lokale råvarer.

Husets sommelier, Beate Hannisdal, har god kunnskap og eit stort engasjement for vin og sider. Ho sørgjer for at det de får servert i glasa er tilpassa både mat og ønskje.

Det blir servert ein 3-rettars middagsmeny frå kl 19.00 kvar dag. Vi tilbyr 5-rettars på førespurnad.
Grunna lågsesong tilbyr vi lunsj på førespurnad (må bestillast seinast kl 14.00 dagen før) alle dagar fram til 1. mars.
Med forbehald om endringar.

Våre dyktige servitørar ser fram til å ønskje varmt velkomen til restaurant Baronen.

For meir informasjon om bordbestilling, menyar, selskap og liknande, ta kontakt med oss på:
E-post: booking@rosendal-fjordhotel.no
Telefon: 53 48 80 00.

Restaurant 1
20251101-JAH_7506:
Restaurant 2
IMG_4316:
Restaurant 3
20251013-JAH_9137:
Restaurant 4
IMG_4338:
Restaurant 5
20250813-JAH_4156:
Restaurant 6
20251013-JAH_9046:
Restaurant 7
IMG_4335:
Restaurant 8
20251013-JAH_8876:
Restaurant 9
baren:
Restaurant 10
IMG_4387:
Restaurant 11
20251102-JAH_7635:
Restaurant 12
IMG_4396:
Restaurant 13
20251013-JAH_8918:
Restaurant 14
20250813-JAH_3816:
Restaurant 15
20250813-JAH_3897:
Restaurant 16
20250813-JAH_3963:
Restaurant 17
20250813-JAH_4047:
Restaurant 18
20250813-JAH_3783:

Ein smak av Rosendal Fjordhotel

Rosendal og Hardanger er eit matmekka når det gjeld råvarer. Vi har alt frå sjøkreps, kamskjel og steinbit frå fjorden, kjøttkveg og lam frå bøndene, hjort og storfugl i skogen, rype og reinsdyr på fjellet, og ikkje minst bognande åkrar med potetar, bær og grønsaker, og sist men ikkje minst fantastiske frukthagar.

Mitt mål er at kvar enkelt råvare skal bli behandla med stor respekt og bli varsamt tilberedt slik at det beholder sin særeigne smak og identitet.

Min kjærleik og kunnskap om råvara handlar ikkje berre om å lage mat etter eigne oppskrifter, men og hylle dei fantastiske lokale råvarene og produsentane, slik at eg kan få anledning til å bruke det på mitt kjøken her på Rosendal Fjordhotel.

Jon Aga, kjøkensjef